Korleis bli medlem? Kva kan me tilby deg ?

Korleis bli medlem? Kva kan me tilby deg ?

Publisert av Tor-Håvard Brekke den 16.11.16. Oppdatert 23.11.16.
Korleis bli medlem?
På heimesida her er der nokre faner øverst. Ved å gå inn på "Bli medlem" finn du ein link der ein sender spørsmål på mail. Eller under "Losjen" kan ein ta kontakt med nokre av våre Embetsmenn direkte. Me vil då gje deg den informasjon du ynskjer. Du kan så vidare bli invitert til eit uforplikta informasjonsmøte om oss, med nokon av oss.

Kva kan me så tilby deg?

* Opplevingar: Du vil få delta i spanande opplevingar som, i tillegg til å ha mystikk i seg, også vil kreve din vurderingsevne.
* Sjølvutvikling: Ved å bruke tid på deg sjølv, kan du utvikle deg personleg og sosialt.
* Eit sosialt felleskap: Du får utvida din nære bekjentkrets i eit miljø som vil gje deg tillit gjennom heile livet.
* Verdiar: Gjennom deltaking på Losjemøta vil det for mange være naturleg å reflektere over verdival for seg og sitt liv.
* Kunnskap: Gjennom 33 Grader kan du tileigne deg kunnskap i ditt eige individuelle tempo.
* Eit pusterom: Losjen kan være ein oase der du koplar av, nullstiller deg og finn ro og harmoni i ditt indre.