Losje XXI Voss sin 30 års markering

Losje XXI Voss sin 30 års markering

Publisert av Tor-Håvard Brekke den 01.02.17. Oppdatert 14.03.17.
Losje XXI Voss vart stifta 24.01.1987 , og helga 27-28. januar 2017 var det tid å feire dette med vår 30 års markering. Me hadde innvitert Ordensbrødre frå heile landet, og mange kom. Fredag stod Brodertreff på programmet. Me hadde då leigd inn busstransport frå hotellet til Smalahovetunet på Løno. Her fekk me servert smalahove med lokalt brygg i grindbygget på garden. Fleire gjester fekk her høve til og smake på smalahove for fyrste gong, og nokon synest dette smakte så godt at dei forsynte seg jammen to gonger. Etter måltidet var det omvising på garden å me fekk sjå korleis smalahove vart tilbereda her.
Laurdagen var det så invitert til omvisning i Vangskyrja. Her fekk me historien til kyrkja fortalt av ein kunnskapsrik omvisar ved navn Bengt Arvidson.
Etter dette var tida komen til vårt Losjemøte på ettermiddagen før me ankom tilbake til hotellet for kveldens festmiddag.  
Under middagen vart det mange flotte taler frå gjester og me heidra tre av våre eigne Brødre som og var med på stiftinga av Losje XXI. I tillegg vart og ein Broder heidra med 25 års Hederstegn. Etter middagen hadde me fått tak i Karen Fadnes Brattebø for litt musikalsk underhalding. Ho kom med eigen pianist og lydmann,  og her me fekk gleda av å nyte nokre fantastisk fine musikkstykke frå dei. 
Takk til alle som var med oss på vår 30 års markering