Losje St.Olav XXI Voss
-Stifta 24.januar 1987
-51 medlemmer(Brødre)
-Møtelokaler på Bjørgum
-Møte kvar 14.dag (torsdager), frå september til april/mai
-Sosiale tilstellingar
       
-Julemøte med Damer
-Vårfest, "vårspretten",-sommarfest, blåtur med Damer
-Tur til andre Losjar, -Bergen,Haugesund,Stavanger
-Sosiale treff innimellom

På møta våre, som startar kl 19.30, samlast me i god tid før for ein hyggjeleg kaffi-prat.
Sjølve møtet varer ca 2 timar. Etter dette, på ettermøtet, blir det servert mat.
Pr i dag er me 51 medlemmer (Brødre) på Voss. Rekrutteringen er god, så i løpet av 2019 vil dette talet vere passert 55 Brødre,

Å være medlem av ein Losje er noko unikt og spesielt. Kvart år gir me 2-4 personer anledning til og bli med oss.

Ordenen Riddere av det Hvite Kors er ein gamal Ridderorden som har eksistert i snart 115 år (2017) i Norge. Ordenen er esoterisk og arbeider i høgradsystem bygd på nedarva tradisjonar. Ordenen er demokratisk og åpen for utvikling slik at den i sin bevarte form også er tidsrelevant og inspirerande.
Store delar av vårt ordensarbeid består i å skape livskvalitet i vårt eige og våre medmenneskers liv.
Utan ein god livskvalitet for seg sjølv, har me lite overskudd til å skape livskvalitet for andre.