Litt historie om Losje XXI-Voss.
Spira til ein ny losje på Voss begynte å gro tidleg i 1984. Etterkvart skulle dette bli Losje St.Olav XXI-Voss. Losje XII Bergen blei såleis fadderlosje, og dei aller fyrste opptak av Brødre fra Voss vart gjort i Bergen 10.september 1984.
Losje XXI Voss vart så stifta 24.januar 1987. Dei to fyrste Brødrene i eigen Losje vart då tekne opp. Det var snjo og kaldt vær over Vossevangen denne dagen, men det tok ikkje gleda frå dei 124 Ordensbrødrene som var møtt fram for og delta på denne begivenheita. Park Hotel var staden for dette.
Losjen hadde i mange år trange og små lokaliteter. Tider då ein hadde Losjemøta ein stad og vandra så gjennom Vangen til ein anna stad til Brodermåltidet . Losjemøta vart etterkvart flytta til hyggjelege lokaler, på Bjørke.  Seinhausten 2018 etter 10 år i lokala på Bjørke, var tida der over. Januar 2019 flytta me inn som leigetakar i huset som Frimurerlogen på Voss eig. Dette er og på Bjørgum men no lenger mot sør og Bjørgamarka
Ved stiftinga i 1987, talde Losje XXI-Voss 18 Brødre og dette året vart ein til 22 Brødre. Det talet auka jamt og trutt fram mot tusen-år-skiftet, til 45 Brødre. Etter det, dei neste ti åra, var det så ein litt fallande tendens til ned mot 40 igjen. Losje XXI-Voss feira 30 års-jubileum i januar 2017,  og var då oppe i 47 Brødre. Rekrutteringsarbeidet må seiest og vere godt, og i løpet av 2019 er dette talet passert godt over 50 Brødre.


Litt historie om RHK

Vår moderlosje hadde sin begynnelse i USA og Chicago allereie i 1860 og bar då namnet "Nora". Dette hadde igjen sin bakgrunn frå nordmenn som emigrert til USA. Og spesielt for oss på Voss er det interessant og lese dette frå vår historie:

"Bland de norske i Chicago var det især folk fra Voss som hadde vært tidlig ute med å danne egne interesseorganisasjoner. Allerede rundt 1840 ble «Det vossiske korrespondance Selskab» dannet. Formålet var å opprettholde forbindelsen tilbake til Voss og å få flere fra dette distrikt til å emigrere.
Midt på 1850-tallet gikk denne forening over til å bli «Det vossiske Emigrationsselskab». En annen forening som dukket opp på denne tiden (1852) var «The Norwegian Debating Society» de fleste medlemmer var fra Voss, men vi finner også den liberale Dr. Paoli fra Trondheim blant medlemmene"