Laurdag 4. februar hadde Voss igjen gleda av å få besøk av det populære bandet i frå Ål i Hallingdal, Hellbillies.
Losje XXI Voss vart då spurte om å stille med nokre mann som sjauarar og vakter, noko me sjølvsagt tok på oss.
Her er nokre bilder frå ein flott konsert og glad dugnadsgjeng.
Takk til alle som var med og gjorde feiringa av våre 30 år som Losje på Voss til ei minnerik oppleving. Me hadde ei fin helg og samvær med Ordensbrødre fra det ganske land. Fredagens Brodertreff på Smalahovetunet, besøk og omvising i Vangskyrkja laurdag, og festmiddagen på Park Hotel Vossevangen kan du finne bilder av under fana: ALBUM/30 års markering.....